Vinnarene på Sognafest 2025
Vi fekk inn over 250 nominasjonar, noko som viser kor mykje talent, engasjement og skaparkraft vi har her i Sogn. Etter at juryen nøye hadde gått gjennom alle nominasjonane, blei topp tre i kvar kategori plukka ut og invitert til Sognafest.

Helsehelten
Ellen Therese Harbakk
Årets helsearbeidar på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Ellen Therese Harbakk er utdanna sjukepleiar og arbeider ved Vik legekontor. Ellen er fagleg engasjert og opptatt av å halde seg fagleg oppdatert.
Ho ser alle, er lyttande og inkluderande for medmenneske rundt seg. Ellen arbeider òg som kreftkoordinator i kommunen, og bistår pasientar og pårørande på ein trygg og reflektert måte.
Ellen er engasjert og ein dyktig fagperson som gjer sitt beste med å dele av sin kunnskap, både med kollegaer, på tvers av tenester og på tvers av sektorar i kommunen. Ellen er ei svært aktiv og sprek kvinne og er aktivt i Vik Røde kors hjelpekorps. Ho driv blant anna med målretta opplæring i HLR gjennom Vik røde kors for at akkurat Du skal vere «rusta» om uventa situasjonar oppstår. Dette kan redde liv.
Som menneske utmerkar Ellen seg med sitt gode humør, sitt inkluderande vesen og eit hjarte av gull.
Heimepleiar, sjukepleiar, ambulansearbeidar, lege, psykiatrisk helsearbeidar – alle er dei kvardagsheltar som skaper tryggleik og omsorg kvar einaste dag. Kjenner du nokon som har gjort ein forskjell i 2024, eller som over tid har vist ein heilt unik innsats for helsa i Sogn? Nominer dei til Helsehelten!
Dei nominerte var:
Linn Navarsete Skartun
Ellen Terese Harbakk
Berit Karin Skjerdal

Lysglimtprisen
Anne Mari Hole Sande
Årets pedagog på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Anne Mari har via heile livet sitt til barnehage. Ho har heile tida blikk for nye idear og tema, og likar å halde seg fagleg oppdatert.
Ho har jobba i mange ulike stillingar i Stedje barnehage sidan 1992. Hennar engasjement, kreativitet, humor og kunnskap har gitt mange små og store fine augneblikk og magiske stunder.
Ho ser heile menneske, og viser interesse for både små og store. Mangfaldstanken står langt framme i panna hjå Anne Mari. Ho har vore gjennom mange epokar innan barnehage og jobba tett med mange andre instansar i kommunen. Høgskulen har ved mange høve spurt om hjelp til føredrag, intervju, meiningar eller filming. Ho har blitt forska på og hennar gode evne innan rettleiing er å finne i både artiklar og bokform.
Alle har eit godt og nært forhold til Anne Mari, og det er ofte ho me spør om me leitar etter post-it lappar eller treng rettleiing på utfordrande ting både i jobb- og privatlivet. Ho er som 7. far i huset på Stedje og vil bli sakna stort når ho no har bestemt seg for å gå av med pensjon til sommaren.
Har du møtt ein barnehagetilsett, lærar, pedagog eller assistent som skapar tryggleik, meistring og læringsglede for ungane våre? Denne prisen heidrar dei som gjev alt for oppveksten i Sogn. Nominer din kvardagshelt innan oppvekst!
Dei nominerte var:
Anne Mari Hole Sande
Siri Veum
Håvard Takle Sanden

Framtidshåpet
Wilken Karlsen Hæreid
Årets lærling på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Han tok fagbrev i 2024 som automatikar med Mykje Godt Bestått - dette er det ikkje mange kandidatar som får i dette faget. Han synte gjennom skulegang og læretid stor interesse for faget.
Viste tidleg i læretida ei stor interesse for faget sitt ved alltid å stille spørsmål for å få større forståelse under f.eks feilsøking på automatiske anlegg. Var også som lærling tidlig ute med å vise sjølvstendigheit, og ta utfordringar. Aldri redd for å prøve sjølv, men heller aldri redd for å spørje om han var i tvil.
I læretida var Wilken ein god ambassadør for faget sitt, der han var med og utvikla læringsopplegg i øvingsfabrikken i Årdal Teknologipark. Hit kjem barn og unge i alle aldrar, og Wilken tilpassar opplegget til det. Kjem det barn, så er fabrikken ein godterifabrikk, kjem det unge så produserer fabrikken mobiltelefonar.
Lærlingane våre er framtida for Sogn. Denne prisen heidrar dei som har teke fagbrevet sitt i 2024 og som har vist talent, innsats og eit brennande engasjement for faget sitt - uansett bransje.
Dei nominerte var:
Amalie Råum
Aira Steine Bortne
Wilken Karlsen Hæreid

Smil & service
Marianne Holme
Årets kremmar på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Marianne driv eit fantastisk handtverksbakeri i Aurland – Mariannes Bakeri & Kafe.
Der driv ho med solide verdiar; kortreist, økologisk, norsk og ekte handtverk.
Du fårt alltid fantastisk sørvis, deilig kaffi, kreativ og nydelig bakst og god atmosfære. Ho sørvar både turistar og lokalbefolkning med same smil, og har skapt ein utrulig viktig møteplass for lokalbefolkninga.
Mariannes bakeri og kafé er både ein kulturell møteplass og ein stad for dei gode matopplevingane. Ho tek i bruk tradisjonelle produkt som geitost og spekepølse på kreative og spennande måtar.
Og bollane hennar er dei beste i Sogn. Om ikkje landet!
Har du møtt ein barnehagetilsett, lærar, pedagog eller assistent som skapar tryggleik, meistring og læringsglede for ungane våre? Denne prisen heidrar dei som gjev alt for oppveksten i Sogn. Nominer din kvardagshelt innan oppvekst!
Dei nominerte var:
Nils Olav Øy
Marianne Holme
Gunn Kristin Alme & Marit Einarsrud

Sognagull
Jon Hermann Hegg
Årets idretts- og kulturpris på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Jon-Hermann Hegg har vist eit eneståande talent og ei urokkelig vilje til å nå toppen i internasjonal rifleskyting.
Gjennom målretta innsats, disiplin og hardt arbeid har han utvikla seg til ein idrettsutøvar av verdsklasse, samtidig som han er ein inspirasjon for unge skytarar i Noreg.
Merittlista for 2024 er for lang til å liste opp men la oss nevne noke:
· EM gull
· Noregsmeister
· Europameister med ny europeisk rekord
· 5. Plass i OL!
· Worldcup-sølv
· Og Gull i European Champions League
For eit år! Gratulerer så mye Jon-Hermann
Idrett og kultur bind oss saman i Sogn. Denne prisen går til personar eller grupper som har utmerka seg innan idrett, musikk, revy eller anna kultur i 2024 – som utøvar, instruktør eller frivillig.
Dei nominerte var:
Tuba Ardic
Jon Hermann Hegg
Bjørn Tore Årøy

Velkommen heim
Troels Rosenkrantz &
Mari Dahl Stoknes
Årets tilflyttar på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Vinnar av årets tilflyttar blei nominert flest gonger og har tydeleg satt sitt preg på lokalsamfunnet og den lokale bygda.
Vinnar har auka trivselen for å bu i bygda, samstundes som å vere med og utvikle den – og har såleis bidrege til marknadsføring og rekruttering av nye til bygda.
Nominasjonane nemner at vinnar har mange prosjekt som skapar aktivitet og trivsel for både tilreisande og lokale, er kulturskapande, gründerar, bygdelagdeltakarar og eit frisk pust i Sogn.
Tilflyttarane våre gjev nytt liv og vekst til regionen, og me ynskjer alle heim til Sogn! Denne prisen går til ein person eller familie som har flytta til regionen dei siste tre åra og allereie har sett sitt preg på lokalsamfunnet.
Dei nominerte var:
Benjamin Ward
Vilde Ylvisåker Førre
Troels Rosenkratz Mari Dahl Stoknes

Smaken av Sogn
Odelsgut
Årets mat- og drikkeoppleving på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Gjennom ekte handverk med 100% lokale råvarer av den beste frukta i Sogn har Cecilia Martti og Alexander Haug på kort tid bygd opp eit lite eventyr av god smak og unike opplevingar på Haug Gard på Fimreite.
Dei produserer cider med høg kvalitet, dokumentert gjennom fleire prisar, mellom anna gullmedalje i CiderWorld Award 2023.
Dei skapar unike opplevingar for gjestene sine, og er mellom anna toppattraksjon på TripAdvisor.
Odelsgut er også gode på å formidle produktet og opplevingane sine i sosiale kanalar.
Har du hatt ei mat- eller drikkeoppleving i 2024 som verkeleg sette Sogn på kartet? Nominer den produsenten eller opplevinga som gjev deg smaken av regionen vår!
Dei nominerte var:
Odelsgut ved Cecilia Martti og Alexander Haug
Norway's Best ved Mantas Vaidelis
Bøtun Gard ved Mathilde & Martin Buch Larsen

Sognavixen
Benjamin Ward
Årets digitale ambassadør på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Ben har fått stor merksemd gjennom deltakinga si i NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Her fyljer vi hans reise frå London til den avsidesliggjande fjellgarden Kroken i Luster. Programmet skildrar utfordringane han møter, inkludert økonomiske vanskar, naturkrefter og einsemd, og dessutan innsatsen hans for å restaurera garden og skapa eit sjølvforsynt liv.
Etter sendinga til programmet har Benjamin motteke ein overveldande respons frå sjåarar over heile landet.
Gjennom sin synlighet på Instagram viser Ben korleis ein kan leve på ein avsidesliggande gard og framleis ha eit godt og spennade liv der ein brukar naturen.
Ærleg, usminka, leikent, morosamt og med god teknisk kvalitet viser han fram livet på ein høgdegard i Sogn - og det kjennest ekte.
Kven har sett Sogn på kartet digitalt i 2024? Denne prisen heidrar personar eller bedrifter som har briljert på digitale flater og når ut til et nytt publikum.
Dei nominerte var:
Veronica Øyre
Lisa Stentvedt
Benjamin Ward

Eventyrprisen
Fres Festival
Årets reiselivsoppleving på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Fres Festival er ein årleg musikk- og kulturfestival som finn stad i Fresvik. Festivalen er kjend for å tilby eit variert program med både lokale og nasjonale artistar, og skapar ei unik oppleving ved å kombinere musikk med den vakre naturen i området.
Har du besøkt eit hotell, campingplass, festival, kafé eller oppleving i 2024 som verkeleg sette Sogn på kartet? Denne prisen heidrar dei som skapar minnerike reise- og opplevingsøyeblikk – anten gjennom eit unikt konsept, framifrå vertskap eller spektakulære omgjevnader.
Denne prisen vart kåra live under Sognafest 2025 Dei seks nominerte var
Fres Festival
Bergtatt
Fjordsauna
Bøtun gard
Nærøyfjorden Camping
Breheimsenteret

Hjarte for Sogn
Per, Randi & Theodor
Æresprisen på Sognafest 2025
Juryens grunngjeving
Tre unge personar flyttar til Sogn for å busetje seg, etablere verksemder og bidra til kulturlivet i regionen.
Randi flyttar til Sogn for å starte både hotell og festival, samtidig som ho gir opp ein stilling i Bergen for å starte sin eigen tannlegepraksis i Sogn og Balestrand.
Per Áki ein stor nasjonal artist som starta musikkarrieren i Bergen, tek med seg både musikkarrieren og familien tilbake til Sogn. Der overtar han tanta sitt hotell og etablerer festivalen i heimbygda.
Den siste i trioen er Theodor– manager, e-sport gründer, musikar og hotelleigar.
Desse tre representerer framtida for Sogn. Dei er unge menneske som har valt å busetje seg her og bringer med seg verdifull kompetanse, skaper nye arbeidsplassar, får fram nye talent og bidrar til eit livleg og inspirerande bygdeliv. Gjennom sitt arbeid viser Per, som artisten Kjartan Lauritzen, saman med dei andre, stolt fram Balestrand og Sogn.
Dei fremhevar verkeleg DET GODE LIV i Sogn.
Kven har vist eit ekstra stort hjarte for Sogn i 2024? Denne prisen heidrar dei som har inspirert, bidrege eller skapt noko heilt spesielt – uansett om det er ein enkeltperson, ei gruppe eller eit prosjekt. Her er det ingen reglar, berre eit ynskje om å løfte fram dei som fortener det. Fortel oss kvifor akkurat din kandidat har
"Hjarte for Sogn"!
Dei nominerte var:
Per Aki Sigurdsson Kvikne, Randi Sognnæs Aamot
og Theodor Sigurdsson Kvikne.
Liv Signe Navarsete
Noralv Pedersen