Nominasjon til Sognafest 2025
Det er ikkje me som bestemmer kven som skal så på scena og få heider på Quality Hotel Sogndal den 28. februar - det er du som gjer det!
Nominasjonen er stengd. Me fekk inn over 250 nominasjonar! Tusen takk.
Etter at juryen har gått gjennom alle listene sit me igjen med tre nominerte til kvar pris som er invitert til Sognafest 2025
Dei nominerte er…
Kategoriar
Helsehelten
Årets helsearbeidar
Heimepleiar, sjukepleiar, ambulansearbeidar, lege, psykiatrisk helsearbeidar – alle er dei kvardagsheltar som skaper tryggleik og omsorg kvar einaste dag. Kjenner du nokon som har gjort ein forskjell i 2024, eller som over tid har vist ein heilt unik innsats for helsa i Sogn? Nominer dei til Helsehelten!
Nominert
Linn Navarsete Skartun
Ellen Terese Harbakk
Berit Karin Skjerdal
Lysglimtprisen
Årets pedagog
Har du møtt ein barnehagetilsett, lærar, pedagog eller assistent som skapar tryggleik, meistring og læringsglede for ungane våre? Denne prisen heidrar dei som gjev alt for oppveksten i Sogn. Nominer din kvardagshelt innan oppvekst!
Nominert
Anne Mari Hole Sande
Siri Veum
Håvard Takle Sanden
Smil & service
Årets kremmar
Kjenner du ein butikk eller servicemedarbeidar som alltid yter det lille ekstra? Som skapar trivsel, glede og samhald i nærmiljøet? Nominer dei som betyr mest for Sogn!
Nominert
Nils Olav Øy
Marianne Holme
Gunn Kristin Alme & Marit Einarsrud
Smaken av Sogn
Årets mat- og drikkeoppleving
Har du hatt ei mat- eller drikkeoppleving i 2024 som verkeleg sette Sogn på kartet? Nominer den produsenten eller opplevinga som gjev deg smaken av regionen vår!
Nominert
Odelsgut ved Cecilia Martti og Alexander Haug
Norway's Best ved Mantas Vaidelis
Bøtun Gard ved Mathilde & Martin Buch Larsen
Velkommen heim
Årets tilflyttar
Tilflyttarane våre gjev nytt liv og vekst til regionen, og me ynskjer alle heim til Sogn! Denne prisen går til ein person eller familie som har flytta til regionen dei siste tre åra og allereie har sett sitt preg på lokalsamfunnet.
Nominert
Benjamin Ward
Vilde Ylvisåker Førre
Troels Rosenkratz Mari Dahl Stoknes
“Hjarte for Sogn”
Æresprisen
Kven har vist eit ekstra stort hjarte for Sogn i 2024? Denne prisen heidrar dei som har inspirert, bidrege eller skapt noko heilt spesielt – uansett om det er ein enkeltperson, ei gruppe eller eit prosjekt. Her er det ingen reglar, berre eit ynskje om å løfte fram dei som fortener det. Fortel oss kvifor akkurat din kandidat har
"Hjarte for Sogn"!
Nominert
Per Aki Sigurdsson Kvikne, Randi Sognnæs Aamot og Theodor Sigurdsson Kvikne.
Liv Signe Navarsete
Noralv Pedersen
Framtidshåpet
Årets lærling
Lærlingane våre er framtida for Sogn. Denne prisen heidrar dei som har teke fagbrevet sitt i 2024 og som har vist talent, innsats og eit brennande engasjement for faget sitt - uansett bransje.
Nominert
Amalie Råum
Aira Steine Bortne
Wilken Karlsen Hæreid
Sognagull
Årets idretts- og kulturpris
Idrett og kultur bind oss saman i Sogn. Denne prisen går til personar eller grupper som har utmerka seg innan idrett, musikk, revy eller anna kultur i 2024 – som utøvar, instruktør eller frivillig.
Nominert
Tuba Ardic
Jon Hermann Hegg
Bjørn Tore Årøy
Eventyrprisen
Årets reiselivsoppleving
Har du besøkt eit hotell, campingplass, festival, kafé eller oppleving i 2024 som verkeleg sette Sogn på kartet? Denne prisen heidrar dei som skapar minnerike reise- og opplevingsøyeblikk – anten gjennom eit unikt konsept, framifrå vertskap eller spektakulære omgjevnader.
Nominert
Fres Festival
Bergtatt
Fjordsauna
Bøtun gard
Nærøyfjorden Camping
Breheimsenteret
Denne prisen skal publikum stemme på live under Sognafest!! Vinneren blir den med flest stemmer av de seks nominerte. Les meir om dei her
Sognavixen
Årets digitale ambassadør
Kven har sett Sogn på kartet digitalt i 2024? Denne prisen heidrar personar eller bedrifter som har briljert på digitale flater og når ut til et nytt publikum.
Nominert
Veronica Øyre
Lisa Stentvedt
Benjamin Ward
Ofte stilte spørsmål
Kva er føremålet med nominasjonen?
Nominasjonsskjemaet skal gje alle sjansen til å løfte fram personar, organisasjonar eller prosjekt som fortener merksemd og ei utmerking. Vi ønskjer å setje søkjelys på innsats og prestasjonar som bidreg til å gjere Sogn endå betre.
Kven kan nominerast?
Alle som er tilknytte regionen, eller som bidreg på ein positiv måte, kan nominerast. Dette kan vere privatpersonar, lag, foreiningar, bedrifter eller prosjekt – så lenge dei gir eit verdifullt bidrag til Sogn.
Kven kan nominere?
Nominasjonen er open for alle som vil peike ut nokon dei meiner fortener ære. Dette kan vere deg som privatperson, ein organisasjon eller eit lokalt initiativ. Ein kan òg nominere seg sjølv, men vi oppmodar om å nominere andre når du ser nokon som verkeleg skil seg ut.
Korleis nominerer eg?
Fyll ut nominasjonsskjemaet på nettsida. Legg inn namn på kandidaten, ei kort grunngjeving og kontaktinformasjon. Jo meir konkret informasjon du gjev om kva kandidaten har gjort, desto betre er det for juryen å vurdere nominasjonen.
Kva skjer etter eg har sendt inn nominasjonen?
Alle innsendte bidrag blir vurderte av ein jury. Dei nominerte som blir valde ut får informasjon om dette i god tid innan prisutdelinga. Vi kontaktar både nominert og innsendar dersom vidare informasjon trengst.
Kven sitt i juryen?
Det vert sett ned ein uavhengig jury per pris. Detaljar rundt dette kjem, men dei består alle av personar med erfaring og kompetanse relevant for prisen. Arrangørane av Sognefest (Sognaklynga) kan ikkje påvirke arbeidet til juryen.
Er det ei frist for å nominere?
Ja, siste frist for nominasjon er 7. februar kl. 23:59. Vi oppmodar alle til å sende inn nominasjon i god tid før fristen går ut.
Kan eg sende inn fleire nominasjonar?
Ja, du kan sende inn så mange nominasjonar du vil, så lenge dei er ulike kandidatar eller prosjekt.
Kan nominasjonar vere anonyme?
Du kan gjerne vere anonym om du ønskjer det, men det er ein fordel for juryen å kunne kontakte innsendar for utfyllande informasjon.