Sognaklynga er krafta som ynskjer å samle Sogn for å byggja stoltheit og engasjement i regionen!
Med forankring i alle dei seks kommunane, sterk gjennomføringskraft, og eit brennande ynskje om byggje stoltheit for Sogningen, skal vi vidareutvikle eksisterande møteplassar og skape nye arenaer for fellesskap.
Hovudmålet vårt er å gjennomføre to signalarrangement våren 2025 - arrangement som løfter regionen, bygger samhald og stoltheit.
Det fyrste arrangementet er Sognafest 2025.
Vi er sogningar som har eit brennande ynskje om å få til ting i regionen vår:
Agnar Holen
Andrea Opseth
Anne Jorunn Fjærestad
Arve Tokvam
Bård Basberg
Geir Hansen
Jørgen Cristian Lindstrøm
Line Bjelde
Mikkel Frodahl
Tor Arne Ness
Tore Frimanslund
Torgeir Skålid
Tom Dyrdal
Trine Lerum
Ynskjer du å bli med? Ta kontakt med ein av oss i klynga!
Sogn Næring fungerer som sekretariat for Sognaklynga, og hjelper til i å koordinera arbeidet.
Kva er Sognafest 2025?
Sognafest 2025 er ein historisk gallakveld i hjartet av Sogn.
Her feirar vi regionen, menneska og alt det flotte som skjer her.
Det skjer 28. februar 2025 på Quality Hotel Sogndal, og berre 300 plassar er tilgjengelege.
Ein kveld med mat, kultur og stolte augeblikk.
Eit høgdepunkt for alle som har hjarte for Sogn.
Kvifor Sognafest?
Fordi vi vil løfte fram alt det positive og engasjerande i Sogn.
Vi samlast for å dele inspirasjon, feire mangfald og vere stolte av kor vi kjem frå.
Sognafesten er ein fest for både kultur, næringsliv og fellesskap.
Det blir ein unik sjanse til å skape nye band og møte nye folk.
Vi skal gjere denne kvelden til noko du vil hugse lenge.