Praktisk informasjon om Sognafest

Blir oppdatert fortløpande. Siste oppdatering: 26. februar 2025

Program

1730 - Dørane åpnar på Quality Hotel Sogndal. Inngang gjennom hovudinngong på hotellet

1740 - Forrett og aperitiff serverast. Under apretiffen kan du smaka lokal sider frå produsentane Ølmheim, Odelsgut, Balholm og Amble Gard. Ved inngangen vil alle deltakarar få to drikkebongar, slik at ein kan smaka ulike sider frå ulike produsentar.

1900 - Festen byrjar i Fjordsalen. Kvelden vert leia av Arve Uglum & Rasmus Mo. 

2000 - Hovudrett serverast

2130 - Dessert

2300 - Etterfest på Eppel Bar

Når og kor er Sognafest?

Sognafest er 28. februar 2025 på Quality Hotel Sogndal

Kva skal eg ha på meg?

Sognafest er ein festkveld, og vi ønskjer å skape ei høgtidleg og stilfull ramme rundt feiringa. Kleskoden er mørk dress. Ifølgje internettet betyr mørk dress følgjande:

Mørk dress er ein formell kleskode der menn er forventa å bruka ein mørk dress i fargar som svart, mørkeblå eller mørkegrå, kombinert med ei lys skjorte (ofte kvit) og eit slips eller sløyfe. Svarte eller mørke dressko er standard.

For kvinner inneber koden ein elegant kjole, gjerne knelang eller lengre, eller eit fint bukse- eller draktsett i mørke fargar. Kleskoden blir ofte brukt ved bryllaup, firmafestar og andre formelle høve.

Har du allergiar?

Om du har registrert allergiar så du innom allergi-bordet under forretten. Her får du ein lapp du tek med deg inn til middagen, slik at personalet veit kva middagstallerken dei skal servera deg.

Allergi-bordet er tydeleg merka i området forretten og apertiff serverast.

Kven er nominert?

Oversikt over alle nominerte finn du her. Alle tre nominerte i kvar kategori er invitert til Sognafest.

Eventyrprisen blir kåret live av alle i salen, og her er det seks nominerte kandidatar ein kan stemma på.

Kva er Sognafest 2025?

Sognafest 2025 er ein historisk gallakveld i hjartet av Sogn.
Her feirar vi regionen, menneska og alt det flotte som skjer her.
Det skjer 28. februar 2025 på Quality Hotel Sogndal, og berre 300 plassar er tilgjengelege.
Ein kveld med mat, kultur og stolte augeblikk.
Eit høgdepunkt for alle som har hjarte for Sogn.